Meny

Sjukehus teier om tabbar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Fire av ti pasientar som får alvorlegare personskadar etter sjukehustabbar får ikkje beskjed.

(Foto: trenstar.com)(Foto: trenstar.com)

(NPK): Åtte av ti får ikkje vita at dei kan ha krav på erstatning.

I 2004 vart det meldt om 2056 hendingar av feilbehandling eller andre tabbar som fekk, eller kunne fått, konsekvensar for pasientane. Det er ein auke på 51 prosent frå 2001.

Ei av tre meldingar gjeld monaleg personskade, og over halvparten gjeld forhold som kunne ført til alvorleg personskade.

Blant dei totalt 638 meldingane om alvorleg personskade kjem det fram at rundt 40 prosent av pasientane ikkje vart informert om dette. Rundt 80 prosent vart ikkje informert om at dei kunne ha krav på erstatning frå Norsk Pasientskadeerstatning, kjem det fram i ein rapport frå Statens helsetilsyn om feil, feilbehandling og utilsikta hendingar i norske sjukehus.

Helsedirektør Lars E. Hansen ser svært alvorleg på dette og reagerer særleg dei mange med alvorleg personskade som ikkje får vita om dette, skriv Aftenposten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus