Stadig fleire heimlause

Artikkelen fortsetter under annonsen

Talet på bustadlause har auka med nesten seks prosent på to år, viser tal som blir presentert i ein ny rapport.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: blog.causaliberal.net)(Foto: blog.causaliberal.net)

(NPK): Rapporten viser at det var 5.500 utan bustad i Noreg i fjor haust, mot 5.200 hausten 2003. Det er 5,7 prosent auke. Dei fleste av dei bustadlause slit med rusmisbruk og psykiske problem.

Rapporten slaktar innsatsen frå det offentlege overfor denne gruppa borgarar.

- Eg synest at det er uanstendig i eit så rikt land at sjuke og sårbare folk lever så utrygt og med så svake rettar, seier prosjektleiar Arnhild Taksdal ved Rokkansenteret i Bergen til Aftenposten. Ho er prosjektleiar for rapporten «På randa av å bu», som konkluderer med at det å skaffe husvære for dei bustadlause ikkje blir høgt nok prioritert.

I rapproten blir det peika på fleire kritikkverdige forhold. Blant anna at delar av hjelpeapparatet har mangelfulle kunnskapar og forståinga av brukarane og livet deira, og at det blir presentert ei mengd uforståelege eller umoglege vilkår for bistand. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving