Meny

Plan for reinare miljø i barnehagane

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Fjerning og tildekking av forureina jord og utskifting av CCA-impregnert trevirke er blant tiltaka Statens Forureiningstilsyn (SFT) foreslår for å betre miljøet i barnehagar og på leikeplassar.

- Barn er ekstra sårbare og vi må derfor sørge for at dei får vekse opp utan å bli tilført miljøgifter frå leikeområda sine, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy. (Foto: sctmikkelsboernehave.dk)- Barn er ekstra sårbare og vi må derfor sørge for at dei får vekse opp utan å bli tilført miljøgifter frå leikeområda sine, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy. (Foto: sctmikkelsboernehave.dk)

I dag fekk Miljøverndepartementet forslag til handlingsplan for opprydding av barn sine utemiljø frå SFT.

Forslaget gjev konkrete anbefalingar for opprydding i barnehagar og på leikeplassar, som blei varsla i Soria Moria-erklæringa.

Vi har 6 000 barnehagar og 40 000 leikeplassar her i landet. Målingar har vist at i dei største byane og dei mest utsette indumstriområda der grunnen jamt over er forureina, finn vi også høge verdiar av bly, tjærestoff (PAH) og arsen i mange barnehagar og på leikeplassar. Denne forureininga kjem frå industrien, trafikk og forureina fyllmassar. Nokre stader er det også høge verdiar av PCB og kvikksølv i jorda barna krabbar rundt på.

Farlege leikeapparat


Barnehagar med CCA-impregnerte leikeapparat har i tillegg arsenforureining i jorda rundt desse apparata.

- Barn er ekstra sårbare og vi må derfor sørge for at dei får vekse opp utan å bli tilført miljøgifter frå leikeområda sine, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy. Ho understrekar at det ikkje er snakk om noko akutt helsefare.

Fjerne og dekkje til


SFT føreslår å byte ut CCA-impregnert trevirke i leikeapparat, og å fjerne og dekkje til forureina jord i barnehagar og på leikeplassar.

For å hindre ny forureining føreslår SFT kontroll av alle nye tomter som skal brukast til barnehagar. Også tilkøyrde jordmassar til nye og eksisterande barnehagar må vere reine, meiner SFT.

Dei største først


Forslaget inneber i første omgang kartlegging og opprydding i dei ti største byane, og i fem store industriområde. I praksis vil det seie at 2000 barnehagar får eit reinare miljø, og SFT føreslår å gjennomføre planen i løpet av sommaren 2009.

I utgangspunktet er det dei ansvarlege for forureininga, barnehageeigaren eller grunneigaren som har ansvar for at det ikkje er farleg forureining i jorda. Fleire kommunar har allereie på eige initiativ sett i gang arbeid med å kartleggje og rydde opp i forureina jord i barnehagane, noko miljøverndepartementet ser på som svært positivt.

No vil Helen Bjørnøy sørge for at den naudynte oppryddinga blir gjennomført nasjonalt, og legg fram handlingsplanen i løpet av året.


Les meir på nettet:

  • Heile forslaget til handlingsplan finn du her


ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus