Meny

Åtvarar mot overdriven pillebruk

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Forbruket av sovemedisin og roande middel har auka jamt dei siste ti åra.

(Foto: ehponline.org)(Foto: ehponline.org)

(NPK): Fagfolk meiner at mange pasientar går for lenge på vanedannande medisin, difor vil Sosial- og helsedirektoratet setja i verk tiltak for å redusere overdriven bruk.

I 2005 gjekk gjennomsnittleg 41 av 1000 nordmenn på roande stoff til kvar tid. Dette er ein kraftig auke sidan 1995, då 27 av 1000 gjekk på slike medisinar. I tillegg reknar ein med store mørketal. Også forbruket av angstdempande legemiddel har auka.

Prosjektdirektør Hans Petter Aarseth i Sosial- og helsedirektoratet meiner at medikamenta blir brukt over for lang tid.

- Enkelte pasientar brukar vanedannande medikament permanent eller over for lang tid. Vi må bidra til at den uriktige legemiddelbruken blir redusert, seier Aarseth til Aftenposten.

Mange av dei fagfolka avisa har vore i kontakt med er einige med Aarseth i at det i Noreg blir skrive ut for mykje medikament som folk blir avhengige av. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus