Spegl deg inn i framtida
«Vesle spegel på veggen der», heiter det i eventyret. Men dette er ikkje eventyrsnakk.
Accentures laobratorium i Sophia Antopolis i Frankrike har med ein heilt ny eksperimentell teknologi, laga «Den overtalande spegelen» - som kan spå inn i framtida, melder
computerworld.no
.
Liknar ein vanleg spegel
Prototypen er basert på ein heilt vanleg baderomsspegel. Forskjellen er at nyvinninga mottek informasjon frå web-kamera og sensorar som er plassert rundt omkring i bustaden. Absolutt alle rørsler vert overvaka: Når du går ein snartur til kjøleskapet, tek ein blund på sofaen eller joggar på tredemølla.
Spådom
Så kjem spådommen inn i biletet, bokstavleg tala. Spegelen gir deg, etter ein analyse av alle data den har samla inn, eit bilete av korleis ansiktet og kroppen din vil sjå ut i framtida - alt basert på livsstilen du har for augneblunken.
Straff eller løn
- Biletet kan straffe deg viss du ikkje har teke godt vare på deg sjølv, og løne deg viss du følgjer ein sunn diett og har byrja å slanke deg, seier Martin Illsley i Accentures til Sydney Morning Herald.
I tillegg til å forutsjå vekta di, kan systemet også prosessere andre helserelaterte data, for eksempel kva som skjer med deg om du er for mykje i sola. Etter kvart skal nyvinninga også kunne hjelpe deg med dine eventuelle alkohol-, røykje- eller narkotikavanar.