Ny realityserie om tjelden i Bergen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tjelden som hekkar på toppen av Realfagbygget ved Universitetet i Bergen er attende. No kjem oppfølgjaren til fjorårets populære realityserie om fugleparet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: miljolare.no)(Foto: miljolare.no)

(NPK): I fjor vart det nemleg montert eit webkamera i nærleiken av reiret slik at ein via ei internettside kunne følgje med på kva som gjekk føre seg der 24 timar i døgnet.

Trass for få actionelement var sjåartala gode og høgdepunktet kom då egga vart klekte i byrjinga av juni.

Tjeldparet har halde saman i mange år og er blitt observert på det same taket kvar vår sidan 2001.

Årets runde med rugereality tilbyr også ein ny finesse. Medan ein i fjor fekk innsikt i tjeldens liv gjennom ei rekkje snapshots, er det i år mogleg å følgje dei live med video i tillegg til bilete for bilete-funksjonen, skriv På Høyden.

Tjelden hekkar vanlegvis i fjæra, men har i aukande grad byrja å hekke i innlandet på grasmark og jordbruksareal. Den set også tydelegvis pris på flate hustak, og det 25 meter høge Realfagbygget har vore ein ynda hekkeplass i fleire år.

Mennene bak den populære realityserien er Frode Falkenberg, Tor Lædre, Brage Førland og Arild Breistøl, som alle er tilsette ved Universitetet i Bergen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving