Maten billigare enn på tolv år

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nordmenn flest jobbar stadig mindre for føda. Under to timars arbeid sikrar ein vaksen Oslo-borgar mat i ei veke.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Siste.no)(Foto: Siste.no)

Oslo (NTB): Ein time og 59 minuttar må ein Oslo-borgar i gjennomsnitt jobbe for å fylle ei matvarekorg som inneheld det ein vaksen person et på ei veke.

Oslo er den fjerde billigaste byen å handle mat i, viser ei ny undersøking frå 16 storbyar i Europa og USA, utført av Innovasjon Norge, skriv Dagsavisen.

Innovasjon Norge har notert prisen på 18 utvalde matvarer og sett han opp mot gjennomsnittleg timeløn for industriarbeidarar i same land.

Samanlikna med kor lenge ein må jobbe for å betale for matkorga, er det berre i Haag, København og Düsseldorf forbrukarane slepp lettare unna enn i Oslo.

Innbyggjarane i Stockholm må jobbe 40 minuttar meir i veka enn oss, mens i Estlands hovudstad, Tallinn, må ein jobbe i heile fem timar og 43 minuttar for å tene nok til å fylle den same matvarekorga.

Ifølgje ei fersk MMI-undersøking er det slik at vi trur vi bruker meir pengar på mat enn vi faktisk gjer. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving