Havørner drepne av vindmøller

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ni havørner er drepne av vindmøller på Smøla sidan august 2005, då Smøla vindpark kom i full drift.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: kysthotell.no)(Foto: kysthotell.no)

(NPK): Sidan 9. april er fem fuglar drepne. Statkraft vil no setje i gang forsking og praktiske tiltak for å redusere problemet.

Statkraft og Norsk institutt for naturforsking (NINA) orienterte om tiltaka på eit møte i Kristiansund måndag.

- Vi er overraska over at så mange fuglar er drepne på så kort tid. Vi er nøydde til å finne ut kva vi kan gjere for å hindre dette, seier informasjonssjef Knut Fjerdingstad i Statkraft ifølgje Kommunal Rapport.

Kva som kan gjerast på kort sikt, er enno ikkje heilt klart. Men ein vurderer å skremme fuglane med lydsignal, og å måle rotorblada slik at fuglane lettare kan oppdage vindmøllene.

På langt sikt håpar Statkraft at forskingsprosjekt som no blir sett i gang, skal gi kunnskap som kan brukast til effektive tiltak mot kollisjonar. Blant anna kan det bli aktuelt å stoppe enkelte vindmøller i periodar dersom det viser seg at fuglane er spesielt utsette på spesielle tidspunkt av døgnet eller året.

Forskar Arne Follestad i NINA opplyser at det er om lag 65 havørnpar på Smøla. Av 16 havørnpar som tidlegare har hekka nær vindparken, er det i år berre eitt par som prøver å hekke i sjølve vindparken. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving