Vil ha «Ja vi elsker» på urdu

«Haan ji, hume is mulkh se mohabbat hai». «Ja, vi elsker dette landet» på urdu er ein glimrande idé meiner Majoran Vivekananthan, redaktør i minoritetsavisa Utrop.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: trinitybrooklyn.org)(Foto: trinitybrooklyn.org)

Oslo (NTB): - Noreg er og blir eit fleirkulturelt samfunn. Det må vel vere positivt å feire dette mangfaldet, seier Vivekananthan til Vårt Land.

- Sangen kan gjerne syngjast på hindi og arabisk også. Det bør ikkje vere nokre begrensningar for å syngje for Noreg, seier Utrop-redaktøren.

Han får støtte av Bente Møller, som er direktør ved Internasjonalt kultursenter og Museum i Oslo (IKM). Ho synest det er flott å høyre nasjonalsangen på norsk 17. mai, men vil gjerne høyre han på fleire språk.

- Det er viktig at innhaldet i ein nasjonalhymne kan bli forstått av dei som bur i landet. I Noreg blir det snakka fleire hundre språk, og ei omsetjing kan skape betre forståing for innhaldet og historia bak songen, seier Møller. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Personvernpolicy