eBay: Land til sals

Artikkelen fortsetter under annonsen

22 bud vart lagt inn då New Zealand låg til sals på eBay.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

New Zealand var ei stund til sals på eBay. (Foto: rental-car-in-new-zealand.com)New Zealand var ei stund til sals på eBay. (Foto: rental-car-in-new-zealand.com)

Men Australia greidde likevel ikkje kvitte seg med nabolandet på nettauksjon.

Då buda var kome opp i
2 330 australske dollar, eller snaut 12 000 kroner, stoppa eBay heile auksjonen.

Sur nabo


Det er ikkje kjent nøyaktig kven som ønskjer å selje New Zealand, men seljaren ville kanskje seie noko om forholdet til dei dryge fire millionar naboane han har i vest. Vedkommande seier elles i annonsa si at været i New Zealand er heilt ordinært...

Sorry, mate


- Sjølvsagt er ikkje New Zealand til sals, seier ein talsmann for eBay, Daniel Feiler, til New Zealand Press Association.
- Me sel mest hushaldningsartiklar og slike saker, men det hender det dukkar opp andre, rare ting til tider.

Tidlegare har folk mellom anna prøvd å selje både sjela si og kroppen sin på eBay.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Svikt i sensuren


Nettauksjonsselskapet hevdar dei ser gjennom alle annonsene før dei vert lagt ut på nettet.
- Og viss salsobjekta er usalgbare, så tar me dei vekk, seier Feiler.

Likevel låg altså New Zealand ein dag til sals på nettet med ein utropspris på 1 cent (omlag 5 NOK).

Svorsk i stil


Forholdet mellom dei to nabolanda Australia og New Zealand er på mange måter likt det mellom Noreg og Sverige; det er eit slags rivaleri som for det meste er vennskapeleg. Men samstundes kan det vere ganske kjølig mellom innbyggjarane frå dei to stillehavslanda.

Så spørs det berre kva tid einkvan svenske blir drittlei alle nordmennene som innvaderer Sverige på jakt etter billeg kjøt, sprit og sigarettar og legg oss ut til sals på QXL.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving