Ferjestreiken kan bli langvarig
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK): Streiken i ferjetrafikken var eit faktum etter at det vart brot i meklinga mellom Rederienes Landsforening og Norsk Sjøoffisersforbund natt til laurdag.
Situasjonen er fastlåst. Sjøoffiserane krev kraftig lønsvekst etter ti år med låg lønsutvikling.
Ifølgje rådgivar Trond A. Dyb i Sjøoffisersforbundet har det ikkje vore kontakt mellom partane sidan streiken vart sett i verk klokka 6 laurdag morgon.
Sjøoffisersforbundet vil vurdere ei opptrapping av streiken måndag. Det kan bli vanskeleg å stole på ferjene utover i 17. mai-veka. (NPK)
Les meir nynorsk i Neste Klikk: