Færre narkotikadødsfall

Artikkelen fortsetter under annonsen

I fjor døydde 184 personar som følgje av narkotikabruk i Noreg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: tribuneindia.com)(Foto: tribuneindia.com)

Det er ein nedgang på 17,5 prosent frå 2004 og heile 46 prosent færre enn i toppåret 2001, viser årsrapporten frå Kripos.

Forbundet mot rusgift meiner at årsaka er ein kombinasjon av offentlege tiltak og trendar i marknaden. Blant anna reknar ein med at utbreiinga av legemiddelassistert behandling dei siste åra har hatt ein positiv effekt, og at ryddinga av Plata i Oslo kan ha gjort den opne narkotikamarknaden mindre synleg og tilgjengeleg for nybegynnarar, skriv Tidsskrift for Den norske lægeforening.

Blandingsbruk av heroin, amfetamin, metadon og benzodiazepinar har vore årsaka til mange narkotikadødsfall. Tal fra politiet syner at det no har vorte mindre vanleg å blande heroin og Rohypnol, og at beslaga av desse stoffa har gått kraftig ned.

Men at metadon førebyggjer overdosedødsfall skal ikkje vera godt nok dokumentert. Heller ikkje sprøyterommet, som vart etablert i Oslo i februar 2005, kan ta mykje av æra for nedgangen, meiner Forbundet mot rusgift. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving