Ureint hos Gilde

Mattilsynet har avdekt dårleg hygiene ved fire Gilde-slakteri. Dette har skjedd etter utbrotet av E.coli-bakterien i februar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Kritikken kjem fram i fire rapportar som P4 har fått tilgang til. Forholda er påpeikt ved slakteria til Gilde i Steinkjer, Sortland, Sandeid i Rogaland og på Gol.

Dårleg hygiene er påpeikt på ulike vis ved dei fire slakteria. Tilhøva gjeld mellom anna dårleg reinhald, hår på knivar, feitt, blod, kjøtrestar og skit på ulike stader.

Seksjonssjef i Mattilsynet, Randi Kristoffersen, understrekar at dette er mindre forhold som finnast i mange slakteri, men at det like vel er uakseptabelt.

- I seg sjølv er dei ikkje i ein sånn klasse at dei kan føre til akutt helsefare. Det er likevel avvik det er viktig å ta på alvor. Dersom dei får inn sjukdomsframkallande bakteriar, så er det viktig at det generelle reinhaldet og hygienestandarden er så god som mogleg. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Personvernpolicy