Ber om at Treholt-materiale blir frigitt

Dokument, lydband og anna etterforskningsmateriale i Treholt-saka må bli frigitt og gjort tilgjengeleg, meiner advokat Cato Schiøtz.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Wikipedia)(Foto: Wikipedia)

Oslo (NTB): Schiøtz, som er leiar av Advokatforeningas rettssikkerheitsutval, reagerer på at materiale framleis blir halde tilbake, 21 år etter at Arne Treholt blei dømt for spionasje til fordel for Sovjetunionen.

- Etter mi meining er det ikkje noko legitimt omsyn som tilseier framleis hemmelighald av noko dokument i Treholt-saka, seier Schiøtz til NRK. Han meiner ei offentleggjering ville kunne ha tilbakevist det han meiner er ubegrunna spekulasjonar.

Justispolitikar Olav Gunnar Ballo i SV støttar Schiøtz syn og seier påtalemyndigheita har alt å tene på openheit. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Personvernpolicy