Banken får framleis besøk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire og fleire brukar nettbank, men ein av fem kundar går framleis i banken.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Halve Noreg ordnar banktenestene sine heimefrå. (Foto: ksta.de)Halve Noreg ordnar banktenestene sine heimefrå. (Foto: ksta.de)

No brukar 66 prosent nettbank, i mot 59 prosent i 2005, ifølgje Sparebankforeininga si nettbankundersøking, som ein kan lese om i Sparebankbladet.

Tidsklemma


- Vi ser at bruken er størst blant yrkesaktive, som generelt har dårlegare tid enn ikkje-yrkesaktive. Folk som har mykje å gjere ser at dei sparer tid på å bruke nettbank, seier Hilde Elisabeth Johansen, utredningsleiar i Sparebankforeininga, til Forbruker.no.

Halve Noreg går nakne i banken


No er vi 2,3 millionar nettbankbrukarar i Noreg, altså omlag halve befolkninga. Men det er altså ein del som rett og slett går fysisk i banken. 22 prosent av oss, eller 800 000 personar brukar verken nettbank eller telefonbank, men gjer alle bankærenda sine i bankfilialen.

Unge og eldre


Størstedelen av nettbankbrukarane er mellom 25 og 50 år. Det er altså mest dei yngre og dei eldre som går i banken, der 29 prosent tar ut kontantar og 26 prosent nyttar rådgjevingstenester.

Å betale rekningar er det færre som gjer i den fysiske banken, berre 13 prosent, i følgje undersøkinga, som er gjort av TNS Gallup for Sparebankforeininga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dyrare og billegare


Prisane på nettbanktenester aukar, i følgje Noregs Banks årlege rapport om betalingssystem. Gjennomsnittsprisen for å betale ei rekning i nettbanken auka frå 1,89 til 2,06 kroner det siste året.

Korttenester blei derimot noko billegare, og dermed har det gjennomsnittleg blitt litt billegare å bruke banktenester.

- Grunnen er at forbrukarane vrir bruken av tenester mot dei billegaste tenestene, seier Harald Haare, spesialrådgjevar i Noregs Bank til

Forbruker.no

.



ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving