Kjærleik fiksar alt

Artikkelen fortsetter under annonsen

No vil eg teste om det faktisk er slik at potteplantar trivst betre når me snakkar og dullar med dei.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Her er Aurora og Sokrates. Eg vil sjå kven som trivst best hjå meg. (Foto: Toyni Tobekk)Her er Aurora og Sokrates. Eg vil sjå kven som trivst best hjå meg. (Foto: Toyni Tobekk)

Heng du med hovudet ein dag, eller synest du livet er litt trasig? Då er det ikkje urimeleg at nokre søte ord i øyret vil gjere deg litt blidare.

Allmenngyldig


Det eg lurar på, er om det gjeld for alle, dette med at kjærleik kan ordne alt. Gjeld det for hestar, til dømes? Eller for skrukketroll eller juletre? Er det verkeleg slik at det å snakke med plantene og å gje dei litt ekstra omsorg er bra for voksteren?

Testpanel


Eg har lyst til å prøve og sjå, og til å hjelpe meg med det, har eg to potteplantar. Dei er av typen Exacum Affine og har fått namna Aurora og Sokrates.

Sokrates står no i ei enkel potte her på kontoret mitt. Han skal få vatn annakvar dag, slik han treng, og ikkje noko meir. Kanskje eg vil knipe av nokre daude blader, men det er og alt. Han skal behandlast heilt nøytralt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Exacum affine blir også kalla «Persiske fiolar». (Foto: ruhr-uni-bochum.de)Exacum affine blir også kalla «Persiske fiolar». (Foto: ruhr-uni-bochum.de)

Aurora har eg derimot sett i ei fin, lilla potte, og ho skal få vatn og stell, akkurat som Sokrates. I tillegg ser eg for meg at eg snakkar litt koseleg med ho, les nokre fine dikt, eller kanskje muntrar ho opp med ein vits i ny og ne.

Så spørs det om den eine vil trivast betre enn den andre, då?

Enkelt eksperiment


Den vitskaplege tilnærminga til dette er vel heller fråverande, og det er kanskje like greitt. Eg må heller sjå det som eit lite amatøreksperiment, trur eg.

Sidan eg ikkje har meir enn gjennomsnittleg grøne fingrar, skal eg ikkje la eksperimentet dra ut for lenge. Då er det overvegande sannsynleg at eg vil kome til å drepe begge, og det blir jo heilt feil. To til tre veker burde halde.

Og no må eg sjå og finne på noko å prate med Aurora om.

Aurora er, i følgje Caplex, morgenraudens gudinne. Sokrates var ein stor, gresk tenkjar. Både desse var og figurar i Anne Cath Vestlys verd på Tiriltoppen.
Vil du vite meir om Exacum affine, kan du lese her.

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving