Helsepersonel vågar ikkje innrømme feil

Artikkelen fortsetter under annonsen

Helsepersonell i Noreg vågar ikkje seie frå dersom dei gjer feil på jobb.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: japanesecentral.com)(Foto: japanesecentral.com)

(NPK): I Danmark vert det registrert fem gonger så mange feil eller nestenulukker ved sjukehusa som her.

Forskjellen er at danske helsearbeidarar får varsle anonymt.

Tal frå Helsetilsynet viser at det skjedde 2.056 farlege situasjonar ved sjukehusa her i landet i fjor. I Danmark gjorde helsearbeidarane 11.500 tabbar. Sakene det handlar om er rot i journalar, feilmedisinering, pasientar som blir forveksla eller får operert i feil organ, sjølvmord og pasientar som rømmer frå psykiatriske avdelingar.

Den norske Lægeforening og leiar i Norsk Sykepleierforbund, Bente Slåtten, krev at også dei norske helsearbeidarane skal få vere anonyme.

- Anonym varsling er eit avgjerande verkemiddel, iallfall i ein periode i helsevesenet, for å endre ein kultur der det er skummelt å seie frå og der ein vert sanksjonert i for stor grad dersom ein seier frå, seier Slåtten til NRK. Ho meiner dessutan at sjukehusleiarar som avdekkjer mange feil fortener ros.

Slåtten trur politikarane kvir seg på å innføre ei ordning som dei har i Danmark fordi det vil føre til ei rekkje avsløringar mellom anna i media om svekt tryggleik for pasientar ved sjukehusa. (NPK)


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving