Fuglegalskap og anna idioti

Artikkelen fortsetter under annonsen

Morgonfuglar kan vere ei utfordring, anten dei no går på to eller har vengjer.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vil eg ha besøk av denne om morgonen? Nei, det vil eg ikkje. (Foto: tech-session.com)Vil eg ha besøk av denne om morgonen? Nei, det vil eg ikkje. (Foto: tech-session.com)

Eg likar å stå tidleg opp, eg.

Noko av det beste eg veitt er å vakne av meg sjølv sånn litt før hanegal ein vårdag og sjå på sola som listar seg inn på soverommet mitt.

Trøytt i trynet


Sjølvsagt er det om å gjere å ikkje vere for kry, i alle fall ikkje overfor andre familiemedlemer som subbar rundt halvsovande med trynet fullt av gruff og berre hatar morgonfuglar.

No har eg dessutan fått ein morgonfugl å hate sjølv.

Skummel lyd


Nesten kvar morgon sånn i sekstida vaknar eg av eit smell i vindauget.
Dei første par gongane det skjedde, låg eg berre i senga og prøvde å identifisere lyden - bang - pause - bang - pause - bang…

Hitchcock kjente til problemet. (Foto: acclaimposters.com)Hitchcock kjente til problemet. (Foto: acclaimposters.com)

Var dette invasjonen frå det ytre rom, kanskje? Var endeleg Mars-mennene komne for å hente oss? Eller var det bakken på sida av huset som prøvde å kome inn? Skumle menn med uheiderlege hensikter?

Stod eg opp for å sjå kva det var, vart lyden vekke.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Galning på vindauget


Men ein morgon greidde eg å snike meg stilt ut i gangen for å sjå kva som var på ferde, og då såg eg han: Ein halvstor fugl som flaug på vindauget på same plassen ein fire-fem gonger før han såg meg og for sin veg.

Det var heilt idiotisk å sjå på: Han stanga i vindauget, før han sklei ned, henta seg inn og flaug bort til muren. Der sette han seg og kika på vindaugsruta før det var på'an igjen. For ein idiot.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Pip-pip frå helvete?


Etter ei veke og to har eg byrja å sjå eit system i galskapen. Han kjem i sekstida kvar morgon - vel og merke viss det er fint ver. Kvifor han ikkje vil kome i regnver, har eg ikkje nokon teori om. Endå.

Flyge på vindauget er ei eiga grein i fugle-OL. (Foto: alumnus.caltech.edu)Flyge på vindauget er ei eiga grein i fugle-OL. (Foto: alumnus.caltech.edu)

Eg lengtar berre tilbake til morgonstilla og den gode stunda då eg kunne vakne av meg sjølv og ikkje av den imbesille, fjørkledde vekkjarklokka.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Uansett så synest eg


1. At fuglen må vere litt lite klok som flyg på det same vindauget dag etter dag utan å forstå at her kjem han ingen veg.

2. At det er kjekkare å vakne av sola og fugesang enn sol og fugleidioti.

For eitt par dagar sidan hengde eg derfor opp ein farga plastpose med ein teiknestift i vinduskarmen - på utsida. Eit slags fugleskremsel, om du vil.

Skremt av meg


Og no skulle eg gjerne gledd deg med historier om korleis fuglen gjorde kur til posen eller flaug oppi han eller noko slikt. Men det skjedde ikkje. Han har faktisk ikkje vore her på tre dagar!

Fuglar kan vere søte, og dei kan vere alt anna enn søte. (Foto: bized.ac.uk)Fuglar kan vere søte, og dei kan vere alt anna enn søte. (Foto: bized.ac.uk)


Og sjølv om eg ikkje er så overvettes morgonfrisk i helgene, kan eg i alle fall love deg at eg vakna stilt og roleg av meg sjølv i dag tidleg. Null fugl, null dunking i vindauget, berre sol og heilt stilt. Herleg!
Det var mest så eg ville syngje høgt, så glad blei eg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men eg heldt det inne i meg for ikkje å provosere overtrøtte familiemedlemer med morragruff i trynet som berre hatar morgonfuglar.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Flyt på sjarmen


Eg har etter kvart forstått at eg ikkje er aleine om å få besøk av fuglar som ikkje forstår kva eit lukka vindauge betyr. Også andre strevar med det same, og fangar det til og med på film og legg det ut på nettet.

Samstundes må eg medgje at ikkje alle fuglar er like stupide, heller. Nokre er faktisk ganske sleipe . Og om ikkje anna, kan du ta ein kikk på denne songfuglen. Først er han søt, så litt sjarmerande, så utruleg irriterande, og så veit du kanskje korleis eg har hatt det i det siste.

Dyr kan du lese mykje om i Neste Klikk:

... og det er eit eige emne på Startsida.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving