Foreslår elevvurdering frå andre klasse

Utdanningsdirektoratet har laga eit nytt system for å vurdere elevane på barneskulen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: coosart.org)(Foto: coosart.org)

(NPK): I eit brev til Kunnskaps- departementet tek direktoratet til orde for innføring av «nasjonale vurderingskriterium», i første omgang i fire fag: mat og helse, norsk, matematikk og samfunnsfag.

Kriteria skal utviklast på fleire kompetansenivå - lågt, middels og høgt - på fleire klassetrinn.

Alt i andre klasse skal lærarane bruke verktøyet til å vurdere elevane sine for at dei skal bli betre og forstå kva som er venta av dei. Gjennom tydelege tilbakemeldingar på arbeidet og kva som kan gjerast betre, kan elevane klatre til eit høgare kompetansenivå.

Men direktoratet er på det reine med at nasjonale kriterium for vurdering kan oppfattast som snikinnføring av karakterar på barnetrinnet. Og Utdanningsforbundet er skeptisk til forslaget.

- I første rekkje er vi skeptiske fordi vurderingskriteria kan oppfattast som ein konkurrerande læreplan og snevre inn handlingsrommet til den profesjonelle læraren. Vi ser også at kriteria kan brukast på ein måte som nærmar seg karakterar, og er motstandarar av alle symboluttrykk for prestasjonar. Når ein skal kommunisere med barn må ein bruke eit anna språk, seier leiaren av grunnskuleseksjonen i Utdanningsforbundet Haldis Holst til Aftenposten.

Men forbundet er einig i at det er behov for å styrkje lærarkompetansen på elevvurdering, og at det ein ikkje er god nok på å stille krav til elevane.

Utdanningsdirektoratet har alt kome langt i utvikling av det nye systemet, og ber om raskt svar frå departementet slik at systemet kan prøvast ut på eit utval skular det komande skuleåret. Kunnskapsminister Øystein Djupedal har ikkje fått forslaget på bordet enno, og vil derfor ikkje kommentere det no, skriv Aftenposten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus