Silkonimplantat aukar ikkje kreftrisikoen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner som har fått operert inn silikon i brysta har ikkje større risiko for å få brystkreft enn andre kvinner, korkje på kortare enn lenger sikt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: canadianbeauts.faketrix.com)(Foto: canadianbeauts.faketrix.com)

(NPK): Det viser ei svensk undersøking som er offentleggjort i «Journal of the National Cancer Institute».

Undersøkinga baserer seg på data frå cirka 3.500 svenske kvinner som i perioden frå 1965 til 1992 fekk sett inn eit silikonimplantat. Kvinnene er følgde til utgangen av 2002 - gjennomsnittleg 18 år etter operasjonen.

Dette gjer undersøkinga til den største og lengstvarande som er gjort for å finne ut om silikonimplantat aukar kreftrisikoen.

Forskarane fann i alt 180 krefttilfelle blant kvinnene med brystimplantat. Det er færre enn venta i ei så stor gruppe kvinner i same alder. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving