Regjeringa gjev frå seg firmabilane

Regjeringa bestemte onsdag at dei skal avvikle firmabilordninga for statsrådane, etter å ha fått retta mykje kritikk mot seg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: odin.dep.no)(Foto: odin.dep.no)

Oslo (NTB-Frode Kvam): - Bakgrunnen er at diskusjonen rundt ordninga har trekt fokus vekk frå regjeringa sitt viktige politiske arbeid, og skapt unødig uklarheit, heiter det i ei pressemelding frå Statsministeren sitt kontor.

I pressemeldinga påpeikar regjeringa at ordninga som no vert avvikla, også
har vore praktisert under andre regjeringar i svært mange år.

- Avviklinga av ordninga inneber at statsrådane leverer tilbake bilane så snart som praktisk mogleg, opplyser stabssjef Lars Erik Flatø ved Statsministerens kontor til NTB.

Firmabilordningen har vore praktisk begrunna, og statsminister Jens Stoltenberg (Ap) har tidlegare uttala at ordninga er ein del av lønnsvilkåra.

Stoltenberg skaffa seg ein Mini Cooper til 354.230 kroner på ordninga, mens kommunalminister Åslaug Haga (Sp) fekk seg ein Toyota Avensis 2.0 stasjonsvogn. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus