Vil ha strengare attestar for lærarar

Barneombodet Reidar Hjermann meiner at lærarar bør vise politiattest som viser om dei er dømde for vald eller narkotikabrotsverk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: www.coloring.ws)(Foto: www.coloring.ws)

(NPK): - Det er alvorleg at personar som har gjort seg skuldig i grove valdsbrotsverk kan få jobb som lærar. Eit ekstremt utslag kan vera at ein person blir tilsett som lærar sjølv om han eller ho er dømt for mord utan at skulen veit om det, seier Hjermann til NRK.no.

Hjermann viser til at personar som blir tilsette i barnhagar, i grunnskulen eller vidaregåande skule må vise politiattest på at dei ikkje er dømde for seksuelle overgrep mot barn.

- Men om læraren er dømd for vald eller narkotikalovbrot får aldri arbeidsgjevaren vita om det gjennom vandelsattesten, seier Hjermann. Han krev ei lovendring som skal vise valds- og narkobrotsverk på politiattesten. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving





Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus