Frp-forslag for 40 milliardar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oppimot 40 milliardar kroner er prisen på dei mange forslaga Framstegspartiet har fremja i Stortinget sidan i fjor haust.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Stortinget.no)(Foto: Stortinget.no)

(NPK): Mange av forslaga er fremja utanfor den vanlege budsjettbehandlinga, og utan forslag til inndekning.

Frp har lagt fram fleire titals såkalla dokument 8-forslag utanfor budsjettbehandlingane - blant anna om meir pengar til vegar og helseføretak - utan at partiet fortel kvar pengane skal takast frå.

Dei andre borgarlege partia kritiserer pengebruken i Frp, og nestleiar Trine Skei Grande i Venstre meiner at Frp lurer veljarane. Forslaga kostar mellom 30 og 40 milliardar kroner.

Til samanlikning fekk Frp flytt på 15 milliardar kroner då dei støtta tre statsbudsjett under Bondevik to-regjeringa, opplyser NRK.no. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving