Forsvaret har klasebomber på lager

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det norske forsvaret har same type klasebomber som dei som skapte store lidingar i Irak.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: weekly.ahram.org.eg)(Foto: weekly.ahram.org.eg)

(NPK): Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch kritiserer den norske regjeringa.

Human Rights Watch dokumenterer i ein rapport at dei omfattande lidingane i Irak, som blant anna britiske klasevåpen var årsak til, er av den same typen som Noreg har på lager.

- Desse klasebombene er uakseptable, seier rådgjevar Grete Østern i Norsk Folkehjelp til NRK.no.

Pressetalsmann i Forsvarsstaben, Dag Aamoth, stadfestar at den britiske og norske ammunisjonen er identiske. I Soria Moria-erklæringa seier Den norske regjeringa at Noreg vil jobbe for eit internasjonalt forbod mot klasebomber.

- Noreg må kvitte seg med klasevåpen, dersom landet skal stå til truande internasjonalt, seier dagleg leiar i Human Rights Watch, Stephen Goose. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving