Svensk muslimleiar krev særlov for muslimar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Leiaren for Sveriges største muslimske organisasjon vil ha særlover for muslimar i Sverige.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: religion.dk)(Foto: religion.dk)

Stockholm (NTB-TT): I eit brev til alle parti i Riksdagen føreslår leiaren for Sveriges muslimske forbund blant anna at skilsmisser skal godkjennast av ein imam, at imamar skal gje muslimske barn i kommunale skolar separat undervising i morsmål og islam, og at gutar og jenter skal ha åtskild symjeundervising.

Sveriges muslimske forbund har 70.000 medlemmer.

Krava er fullstendig uakseptable, seier integrasjons- og likestillingsminister Jens Orback til TT.

- I Sverige skal vi vere like for lova. Vi har kjempa lenge for å ha ei kjønnsnøytral lovgiving. Å kome med denne typen forslag om at visse grupper ikkje skal behandlast som andre er fullstendig uakseptabelt, seier Orback.

Integrasjonsministeren opplyser at han har vore i kontakt med representantar for Sveriges muslimske råd, og at dei ikkje støttar forbundet si haldning. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving