Noregs dyraste hytter

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lillesand har vunne attende statusen som Noregs dyraste hyttekommune.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: agderferie.no)(Foto: agderferie.no)

(NPK): Lillesand måtte sjå på at Tjøme overtok toppen av lista både i 2003 og 2004.

- Men i fjor var det altså ingen som truga sørlandsidyllen, skriv Dagens Næringsliv.

Gjennomsnittsprisen på hytter omsett i Lillesand passerte 3,5 millionar kroner ifjor, ifølgje analyseselskapet Prognosesenterets prisstatistikk.
Tett bak Lillesand kjem Tjøme med ein gjennomsnittpris på 3,2 millionar kroner.

På dei neste plassane følgjer Nøtterøy (2,9 millionar), Sandefjord (2,3 millionar), Kragerø (2,3 millionar), Søgne (2,0 millionar), Hvaler (2,0 millionar), Larvik (2,0 millionar), Mandal (1,8 millionar) og Tvedestrand (1,7 millionar).

På strekninga frå Nøtterøy til Lindesnes er det 16 kystkommunar, og av desse er det berre Bamble som ikkje kjem på lista over dei dyraste hyttekommunene i landet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving