Bankane tener grovt på gebyr

Norske bankar håva inn over 7 milliardar kroner på gebyr i fjor.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: motorcompaniet.no)(Foto: motorcompaniet.no)

(NPK):
Det er 250 millionar meir enn året før, og det er kundane som betalar, skriv Dagsavisen.

Stadig fleire transaksjonar skjer automatisk og elektronisk, og Forbrukarrådet reagerer kraftig på at bruken av elektroniske banktenester ikkje gir reduserte gebyr for kundane.

- Det er verdt å merke seg at talet på transaksjonar som skjer automatisk og elektronisk aukar sterkt. Det betyr lågare gjennomsnittskostnad per transaksjon. Dessutan brukar færre bankfilialane, men likevel aukar altså prisane på bankgebyr, konstaterer underdirektør Lasse Billington i politisk avdeling i Forbrukarrådet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy