Gjev pengegåver - slepp moms

Artikkelen fortsetter under annonsen

For å sleppe å betale moms, gjev idrettslag pengane til kommunar som så byggjer hallar og banar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: cineform.com)(Foto: cineform.com)

(NPK): Skal idrettslaget byggje anlegg sjølve, må dei betale 25 prosent moms, skriv avisa Vårt Land.

Dei fleste nordmenn er medlem i ein frivillig organisasjon.

Paraplyorganisasjonen Frivillighet Norge (Frinor) har registrert åtte millionar individuelle medlemskap.

No reiser Frinor kravet om eit nytt momsregime for frivillige lag og foreiningar:

- I dag slepp næringslivet og offentleg sektor unna med redusert moms, medan vi frivillige må betale moms på alt vi kjøper, seier dagleg leiar Birgitte Brekke i Frinor til Vårt land.

Dette fører til at lag som har pengar på bok og gode kontaktar i kommunenorge tilpassar seg lovverket - og sparer millionar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving