Ein upopulær kar

Artikkelen fortsetter under annonsen

No er det endeleg vår, og vi gler oss over fuglar og blomar. Men ikkje alt naturen finn fram til oss er like festleg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Her er den litle, ikkje så uskuldige karen. (Foto: myggolf.no)Her er den litle, ikkje så uskuldige karen. (Foto: myggolf.no)

Det minst artige vårteiknet er det første flåttbittet. Eg sit og koser med pus, og så viser det seg at eg eigentleg koser med eit par andre dyr og. Det sit nemleg to blindpassasjerar nedi pus sin pels og syg blod.

Dette er berre byrjinga


Flåtten angrip frå april til oktober, men er mest aktiv om sommaren. Han er mest utbreidt langs kysten, frå Nordland og sørover. Det er larver og nymfer som angrip menneske, dei vaksne flåttane går helst på større dyr.

Her er ein flått som har soge seg fast på ein hund, i ferd med å bli fjerna ved hjelp av ein flåttfjernar. (Foto: myggolf.no)Her er ein flått som har soge seg fast på ein hund, i ferd med å bli fjerna ved hjelp av ein flåttfjernar. (Foto: myggolf.no)

Flåtten vi har i Noreg, har ikkje auge. Han sit i graset med frambeina utstrekt, og ventar på offer som kjem forbi. Til dømes katten min. Når katten kjem, hukar flåtten seg på, og så bit han hol i huda og syg seg fast.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Blod frå deg og meg


Flåtten treng blod for å kunne utvikle seg frå larve til nymfe og vidare til vaksen flått. Dette blodet får han altså frå deg og meg, katten, elgen og andre som ferdast i skogen.

Det verste med flåtten er dessverre ikkje at han er ekkel og stygg. Verre er det at han kan vere berar av sjukdommar som

Borreliose

og TBE (flåttoverført hjernehinnebetennelse).

Flåtten kan vere så liten som ein millimeter, heilt til han byrjar å suge blod. Då kan han bli ein centimeter lang. Ekkelt? Veldig. (Foto: myggolf.no)Flåtten kan vere så liten som ein millimeter, heilt til han byrjar å suge blod. Då kan han bli ein centimeter lang. Ekkelt? Veldig. (Foto: myggolf.no)

Føre var


For å ikkje få flått, kan ein dekkje seg til med klede når ein går i skogen. Det er lurt å sjekke heile kroppen og kleda for flått når ein kjem heim. Dei likar godt å syge seg fast der huda er tynn, som armhola, låra og skrittet.

Etter snar


Når ein først har fått flått, er det viktig å få han bort snarast muleg. Då blir også smittefaren mindre. Du kan trekkje han rett ut med neglane, med ein pinsett eller flåttfjernar. Flåttfjernaren får du på eit apotek. I følgje

Lommelegen.no

gjer det ikkje så mykje om litt av bitereiskapen sit igjen. Men viss du skrur flåtten ut, kan du få med deg alt.

Ha ein fin vår, og hugs at det er heilt sikkert sunnare å få seg ein tur i skogen enn å sitje heime og vere redd for flåttbitt.




Kjelder (her kan du også lese meir om flått):

Les meir i Neste Klikk:


ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving