Sigersfest i Katmandus gater

Artikkelen fortsetter under annonsen

Opposisjonen i Nepal feira sigeren etter at kong Gyanendra seint måndag kveld bøygde av og gjeninnsette nasjonalforsamlinga som han oppløyste for fire år sidan.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: rnedoha.org.qa)(Foto: rnedoha.org.qa)

Katmandu (NTB-AFP-Reuters): Tusenvis av menneske strøymde ut på gatene i hovudstaden Katmandu og i andre byar i det lille kongeriket natt til tysdag, vifta med flagg og ropte «folket har seira, lenge leve demokratiet».

Opposisjonsleiarar varsla at dei vil gjere tysdagens planlagte demonstrasjonar mot kongemakta om til ein sigersfest. Gjeninnsetting av nasjonalforsamlinga har vore eit av hovudkrava deira.

Kong Gyanendra gjekk seint måndag kveld ut på statleg fjernsyn og ba
nasjonalforsamlinga tre saman igjen komande fredag. Det blir det første møtet dei folkevalde held etter at Gyanendra i 2002 oppløyste nasjonalforsamlinga og sjølv greip makta.

Nepal har dei siste 19 dagane vore rysta av valdelege massedemonstrasjonar mot kongen sitt eneveldige styre. Minst 14 menneske er drepne og fleire hundre såra under uroa i kongedømet i Himalaya.

- Den folkelege rørsla har seira, framheldt eit leiande medlem av opposisjonsalliansen i Nepal etter kongen si kunngjering måndag. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving