- Regjeringa undergrev Konkurransetilsynet
(Foto: nhh.no)
(NPK):
Han er no professor ved Handels- høgskolen i Bergen. Hope fryktar for legitimiteten og den faglege statusen til tilsynet, dersom regjeringa grip inn.
Tilsynet vurderer å stoppe samanslåinga av Gilde og Prior, fordi fusjonen kan føre til for liten konkurranse om kundane.
- Ein fusjon vil føre til at den svake konkurransen i fjørfemarknaden blir ytterlegare svekka, er den førebelse vurderinga frå konkurransetilsynet.
No har Gilde og Prior 15 arbeidsdagar på seg til å kommentere tilsynets vurderingar.
- Vi meiner at det ikkje er faktisk eller rettsleg grunnlag for å gripe inn mot fusjonen, seier styreleiarane Harald Mork i Gilde Norsk Kjøtt og Rune Haram i Prior Norge i ei pressemelding.
Det nye fusjonerte selskapet, som førebels går ei uviss framtid i møte, skal etter planen heite Nortura og ha noverande Gilde-topp Axel Krogvig som sjef. (NPK)
Les meir nynorsk i Neste Klikk: