Like mykje CO2 i Hammerfest som i Oslo

Gasskraftanlegget i Hammerfest kjem til å sleppe ut like mykje Co2 som 375.000 bilar, dobbelt så mange bilar som køyrer rundt i Oslo.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: mines.edu)(Foto: mines.edu)

(NPK): Eksosen frå gasskraftanlegget skal sleppast rett ut i lufta.
Innbyggjarar i Hammerfest trudde gassen skulle verte reinsa, og kjenner seg lurt.

Gasskraftanlegget vel to kilometer utanfor Hammerfest sentrum skal produsere straum til å drifte Statoils gassproduksjonsanlegg på Melkøya.

Det er Statistisk sentralbyrå (SSB) som har rekna på utsleppsmengda i Hammerfest på oppdrag frå NRK.

Melkøya, som ligg 2 kilometer utanfor Hammerfest sentrum, huser Nord-Europas største LNG-anlegg. Her skal gassen frå Snøhvit-feltet omdannast til flytande gass.

Dette er en prosess som krev enorme mengder energi, forbruket ved dette anlegget vil bli like stort som energiforbruket i heile Finnmark fylke. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Personvernpolicy