For dårleg lærarutdanning

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dagens lærarutdanning er for dårleg, er konklusjonen i den mest omfattande evalueringa som er gjort av norsk lærarutdanning nokon gong.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: uwsp.edu)(Foto: uwsp.edu)

(NPK): Ein internasjonal komité har undersøkt kvaliteten på lærarutdanninga ved 20 norske høgskular på oppdrag frå NOKUT.

Per Ramberg, som leiar komiteen, seier til Dagsavisen at funna gir grunn til uro.

Ifølgje evalueringa sviktar lærarutdanninga på fleire sentrale punkt.
Ein av fire lærarstudentar har så dårlege karakterar frå vidaregåande skule at dei ikkje hadde kome inn dersom dei hadde vorte vurdert ut frå det nye minstekravet som vart innført i fjor.

Mange er lite motiverte, og mange hoppar av studiet. Studentane brukar stadig mindre tid på studiane, viser evalueringa.

Det er store hol og manglar i tilbodet ved dei 20 høgskulane, heiter det vidare.

Ein greier ikkje å førebu studentane på det som ventar dei i klasserommet, undervisninga er ofte teoretisk, og studentane lærer ikkje korleis faga kan formidlast best mogleg til elevane.

Elevane som skal ut i praksis i skulane opplever ein heilt annan kvardag enn dei er vant til frå sin eigen lærestad, heiter det i evalueringa. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving