Julia Roberts skumbada seg til topps

Har du hatt sex med Brad Pitt eller sett bilete av daude ungar i spegelen når du har vore på hotell? Nei, det er vel helst slik som berre skjer på film.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Magisk: Richard Gere og Julia Roberts budde på hotell saman i 1990. (Foto: idnes.cz)Magisk: Richard Gere og Julia Roberts budde på hotell saman i 1990. (Foto: idnes.cz)

Hotellkjeda Travellodge har gjort ei undersøking for å finne ut kva som er den beste hotellscena som nokon gong har vore vist på film.

Drepen i dusjen


Tre tusen sjåarar fekk uttale seg, og ikkje uventa kom den klassiske dusjscena frå Hithcock-filmen «Psycho» nokså høgt oppe på lista over dei mest minneverdige hotellscenene.

Det ser ut til at Vivien Leigh som blir stukken med kniv medan ho dusjar framleis er ei filmscene som set ein støkk i folk, 46 år etter at filmen kom på kinolerretet for første gong.

Å bu på Bates Hotell var ingen fest. I alle fall ikkje for Vivian leigh i «Psycho». (Foto: nostalgiacentral.com)Å bu på Bates Hotell var ingen fest. I alle fall ikkje for Vivian leigh i «Psycho». (Foto: nostalgiacentral.com)

Andre skumle filmar som havna på denne «Hotell topp 10-lista» var «Ondskapens hotell», «Pulp Fiction» og «Gudfaren», melder Digital Spy.

Sexy skumbad


Men den som stakk av med sigeren, var filmen «Pretty Woman». Då snakkar me sjølvsagt om den søte scena kor Julia Roberts og Richard Gere tek eit lekkert skumbad i lag. Tusenvis av filmsjåarar har altså vurdert denne scena til å vere den mest minneverdige hotellscena som nokon gong er vist på film.

Enig eller uenig? Her er den fullstendige lista:


1. Pretty Woman - Roberts og Gere i badekaret

2. Psycho - dusjscena

3. Ondskapens hotell - Danny ser døde tvillingar

4. Beverly Hills Purk- Eddie Murphy snakkar resepsjonen rundt

To døde jenter forfølgjer stakkars litle Danny i «Ondskapens Hotell». (Foto: disinfotainmenttoday.com)To døde jenter forfølgjer stakkars litle Danny i «Ondskapens Hotell». (Foto: disinfotainmenttoday.com)

5. Uanstendig forslag - Woody Harrelson og Demi Moore har sex 1 million dollar

6. Thelma og Louise - Brad Pitt og Geena Davis kosar seg i sengehalmen før Pitt stikk av med alle pengane

7. Ghostbusters - Bill Murray, Dan Aykroyd og Harold Ramis herpar hotellet

8. Gudfaren - Al Pacino blir fortald at faren hans er død medan han et middag med Diane Keaton

9.Trainspotting - Ewan McGregor stikk av fra hotellet med lomma full av narkopengar

10. Pulp Fiction - Bruce Willis snakkar om kjærasten sin ølmage

Meir:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Personvernpolicy