Billeg moro

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du litt trøtt og lei der du sit framføre skjermen, kan me gje deg nokre kjappe tips til kosteleg moro. På andre si bekostning, sjølvsagt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du ein sjef med sans for humor, kan de kanskje få slike pissoir på jobben. (Foto: motleycrow.com)Har du ein sjef med sans for humor, kan de kanskje få slike pissoir på jobben. (Foto: motleycrow.com)

Det er så utruleg mykje du kan gjere for å ha det litt ekstra artig på jobben eller når du kjem heim. Har du alltid drøymt om å vere ein practical joker, skal du få nokre idear her:

Skumle greier


Du kjenner gjerne til Trond Kirkvåg sin figur Skremmeren, du veit han som seier «Vart du skræmt, no». Vel, viss du vil kan du sjå korleis også andre folk skremmer kvarandre til stor glede for skremmaren og oss som ser på.

Dette passar ekstra godt for deg som har store søppeldunkar på jobben eller som jobbar på likhuset.

Det klassiske «snømann framføre garasjen-trikset» er altid like populært. Eller? (Foto: spokesmanreview.com)Det klassiske «snømann framføre garasjen-trikset» er altid like populært. Eller? (Foto: spokesmanreview.com)

Slem med kona


Er du ein riktig tøffelhelt som aldri vågar å yppe deg mot din betre halvdel? Då kan kanskje denne gamle gubben ha eit illeluktande triks å lære vekk.

Eller kva med å ta ein runde med bilen til sjefen og ein pakke gladpack? Berre hugs å sørgje for at ingen ser deg medan du held på.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Høgtalar


Her er eit lite triks eg fann på eHow: Ta for deg to personar som du kjenner, men som ikkje kjenner kvarandre. Fortell A at B høyrer dårleg og må snakkast høgt til. Fortel det same til B om A. Introduser dei så for kvarandre.

Dette er berre nokre småting i denne omgang, det er alltids meire å finne på verdsveven. Pass berre på at ikkje spøken slår tilbake på deg sjølv!

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving