Poplåtar må overraske for å slå an

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva er det som gjer ein poplåt til ein hit?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(foto: no1britney.com)(foto: no1britney.com)

(NPK): Odd Torleiv Furnes ved Universitetet i Oslo utfordrar i doktoravhandlinga si, «Musical Memory, Attention and the Hit», den utbreidde oppfatninga om at ein hit i første rekkje må opplevast som «stabil» - at han har gjenkjennelege akkordar, tonar og rytmar - for å bli hugsa.

Furnes har funne at det snarare er samspelet mellom det uventa og det venta i musikken som avgjer kor godt ein poplåt blir hugsa.

Låten må med andre ord vere skrudd saman med litt som liknar noko ein har hørt før, og litt som er nyskapande og overraskande, og alt må på rett plass i komposisjonen.

Dette har Furnes kome fram til ved hjelp av generell minne- og merksemdforsking og ved å analysere eit knippe poplåtar. Avhandlinga bidreg til auka forståing innanfor musikkteori og musikkpsykologi, og kan også auke forståinga for musikalsk komposisjon. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving