3,9 milliardar til barnevern

Nærare 3,9 milliardar kroner vart brukt til det statlege regionale barnevernet i fjor.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Ved utgangen av 2005 vart i alt 4.381 barn tekne hand om av barnevernet, om lag like mange som året før, viser førebels tal frå Statistisk sentralbyrå.

Vel 2,7 milliardar kroner vart brukt på barn og unge i barnevernsinstitusjonar. Talet på behandlingsdøgn i slike institusjonar vart redusert med 32.000 døgn frå 2004, samstundes som litt fleire har vore innom med kortare opphald.

For heile landet var det i gjennomsnitt 3,6 per 1.000 barn under 20 år som får hjelp av barnevernet.

Trondheim og Oslo har størst del barnevernsbarn, medan Midt-Noreg var den regionen som samla sett hadde minst del barn som får hjelp av barnevernet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving



Personvernpolicy