Legane slaktar grøn resept

Artikkelen fortsetter under annonsen

I oktober 2003 lanserte tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten (KrF) nyordninga grøn resept, som skulle hjelpe oss til ein sunnare livsstil. Tre av fire fastlegar meiner ordninga er unødvendig.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: odin.dep.no)(Foto: odin.dep.no)

Oslo (NTB): Med ein grøn resept frå fastlegen ville tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten både slanke og trimme oss for å forhindre at enno fleire skulle bli hjertesjuke eller få diabetes.

I ei undersøking blant 1.100 fastlegar offentliggjort i siste nummer av Tidsskrift for Den norske lægeforening, kjem det blant anna fram at tre av fire fastlegar meiner ordninga er unødvendig og at ho først og fremst var ei politisk markering.

41 prosent av fastlegane har aldri
skrive ut ein grøn resept og 31 prosent har skrive ut mindre enn fem
grøne reseptar i løpet av det halvanna året ordninga har eksistert.

- Dette er nok mer ei politisk sak enn ei medisinsk. Dei fleste legane tar dette opp med pasientane sine uansett. Då er det unødvendig å gjere dette til ei ny sak, seier professor og instituttsjef for Legeforeningens forskningsinstitutt, Olaf G. Aasland til Aftenposten.

- Heile ordninga er ei alvorlig feilprioritering av ressursar og lite hensiktsmessig, seier leiar i Alment Praktiserende Lægers Forening (APLF) og spesialist i allmennmedisin Jan Emil Kristoffersen. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving