Mor og dotter funne døde i Elverum

Dei to kvinnene som blei funne døde i Elverum måndag, var mor og dotter, skriv Østlendingen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: viamichelin.com)(Foto: viamichelin.com)

Elverum (NTB): Mora var enke og budde aleine i huset der dei blei funne.

Den yngste kvinna skal ha vore i 40-åra, den eldste i 60-åra. Mykje tydar på at den eine kvinna har drepe den andre og deretter seg sjølv.

- Ingen personar er mistenkte eller etterlyste. Omstendene i kveld gir ikkje grunnlag for det, sa konstituert politimeister Odd Henning Svalheim i Hedmark politidistrikt på ein improvisert pressekonferanse måndag kveld.

Kvinnene blei funne døde måndag ettermiddag i eit rekkehus i eit roleg bustadområde i Elverum. Politiet blei kontakta ved 17-tiden av pårørande via ambulansetenesta.

Ifølgje VG skal bustaden dei ble funne i, ha tilhøyrt mora. Huset er lagt ut for sal med annonsert visning tysdag neste veke. Eigedomsmeklar Jan Martin Rønes seier til avisa at det er eit heilt ordinært sal.

Det er sett i verk taktisk og teknisk etterforsking for å få klarlagt kva som har hendt. I tillegg har det lokale politiet bede om assistanse frå Kripos. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy