Oppsummering av påskeberedskapen

Røde Kors Hjelpekorps har samanlagt gjennomført 47 aksjonar denne påska. I år som i fjor vart alle sakna funne i live.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: seespitz.at)(Foto: seespitz.at)

(NPK): Berre eit dødsfall vart meldt frå Røde Kors Hjelpekorps i år. Ei kvinne som vart teken av ras i Troms var i live då ho vart henta ut av raset av hjelpekorpset, men døydde på sjukehuset nokre dagar etter.

Den siste veka har eit mannskap på totalt 1.700 personar vore i beredskap for Røde Kors Hjelpekorps. Dei har vore fordelt på 170 vaktstader over heile landet.

Norsk Folkehjelp har i år vore involvert i åtte leite- eller redningsaksjonar, mot 12 i 2005. Norsk Folkehjelp har teke seg av 29 påsketuristar med skadar som kravde behandling, eller tilvising vidare til lækjar/sjukehus. Det er like mange som i fjor. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy