Påbodne seglingsleier frå Vardø til Røst

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noreg har sendt søknad til FNs sjøfartsorganisasjon IMO om etablering av påbodne seglingsleier utanfor territorialfarvatnet på strekninga Vardø-Røst.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): - Søknaden er ein milepåle i det norske sjøtryggleiks- og oljevernarbeidet, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Etablering av påbodne seglingsleier er eit viktig verkemiddel i det heilskaplege førebyggjande sjøtryggleiksarbeidet.

Påbodne seglingsleier vert innført for å møte utfordringa frå den aukande oljetransporten langs kysten i Nord-Noreg.

I praksis vil det seie at alle tankarar og godsfarty over 5.000 brutto tonn, i internasjonal fart vil bli flytta lenger ut frå kysten, til om lag 30 nautiske mil.

Trafikken vil bli følgd frå trafikksentralen i Vardø. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving