Russarane overfiska torsk og hyse

Norske styresmakter trur Russland kan ha teke om lag 137.000 tonn meir torsk og hyse enn dei avtalte kvotane for 2005.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: congiano.com)(Foto: congiano.com)

(NPK): Ut frå utrekna og dokumenterte mengder trur Fiskeridirektoratet det russiske fisket i fjor utgjorde 315.000 tonn torsk og 87.600 tonn hyse, eit mogleg overfiske på over 100.000 tonn torsk og vel 36.000 tonn hyse.

Truleg er det tale om større mengder, trur Fiskeridirektoratet, ettersom transport av filet ikkje er teke med i reknestykket.

Omlastings- og transportaktiviteten hos russarane ser også ut til å vere på om lag same nivå som åra før, ifølgje Fiskeridirektoratets analyse. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy