Amerikanske studentar vil ha soldatane heim

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tre av fem amerikanske studentar meiner at amerikanske soldatar bør trekkjas ut av Irak, og nesten tre firedeler av dei meiner at FN bør ta leiinga i å løysa framtidige kriser.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto. www.voicesinwartime.org)(Foto. www.voicesinwartime.org)

Boston (NTB-Reuters): Det viser ei meiningsmåling som vart foretatt av Harvard-universitetet blant 1.200 studenter over heile USA i mars.

Rundt 60 prosent meiner at tilbaketrekkjinga bør starta no, opp frå 40 prosent i ei måling i november. Men berre 12 prosent er for at USA trekkjer seg heilt ut av Irak.

Målinga viser også at tre av fire studentar gjerne ser at FN og andre land tek leiinga i å løysa globale kriser og konfliktar.

Kun 33 prosent meiner at president George W. Bush gjer en god jobb, noko som er endå lågare enn blant amerikanerane generelt. 38 prosent av alle amerikanerar meiner han gjer ein god jobb, dette er det lågaste som er notert hittil. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving