Snorking arveleg ?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Snorking er arveleg, meiner ei gruppe forskarar ved Cincinnati Childrens Hospital.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskarane har intervjua 681 familiar for å kartleggja moglege mønster for snorkeproblem.

Kartlegginga synte at 15 prosent av barna, 20 prosent av mødrene og heile 46 prosent av fedrane snorka regelmessig. Forskarane fann ut at risikoen for snorkande barn var tre gonger større dersom foreldra snorka, opplyser BBC.

Dei fann også ut at barn med anlegg for astma eller allergi har dobbelt så stor risiko for å snorke regelmessig som barn av foreldre som ikkje snorkar.

Men mange ekspertar er kritiske til at det skal vera ein slik samanheng mellom arv og snorking. Jim Horne ved Loughborough Sleep Research Centre meiner at dette har meir med overvekt å gjera.

Han peikar på at halvdelen av alle snorketilfelle kjem av overvekt, og at barn av overvektige har større risiko for også å bli overvektige. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving