Judas betre enn ryktet

Etter 1.700 år i gløymsle, har det såkalla Judasevangeliet dukka opp i Egypt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Bilde: www.loc.gov )(Bilde: www.loc.gov )

(NPK): Men historia på papyrusen er ei anna den vi kjenner. Her er Judas den disippelen Jesus hadde mest tillit til, og ingen forrædar, men den som stod frelsaren nærast og forstod bodskapen hans best.


Og det var ikkje for å få dei 30 sølvpengane at Judas forrådde Jesus med eit kyss i Getsemane hage for over 2.000 år sidan. Det var fordi Jesus sjølv hadde bede om det.

Omtalen av denne hendinga på papyrusen har godgjort seg i ei hole ein stad i Egypt. Om den rolla Judas hadde i opptakta til korsfestinga er meir korrekt enn den som blir fortalt i Det nye Testamentet, er ikkje på det reine.

Men sikkert er det at vitskapsfolk meiner å ha funne ein kopi på det gamle egyptiske språket koptisk av det såkalla Judasevangeliet, og at det inneheld ein lenge tiltrengt skulderklapp til ein av dei mest førdømde personane i verdshistoria, Judas Iskariot.

«Herre, i eit syn såg eg meg sjølv. Disiplane steina meg til døde», seier Judas til Jesus, ifølgje evangeliet. «Du vil bli den apostelen som blir forbanna av alle dei andre», seier Jesus, men legg til at Judas skal koma til himmelen. «Din stjerneglans vil overstråle alle dei andre» seier frelsaren.

Den danske teologiprofessoren Søren Giversen har omsett alle dei hittil kjende såkalla apokryfe kristne tekstane. Han seier til avisa Politiken at denne versjonen neppe får mykje å seia teologisk. (NPK)



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy