Kvinner går også etter utsjånad

Undersøkingar har tidlegare vist at kvinner i overveldande grad føretrekkjer menn med pengar, medan menn vil ha ei vakker kvinne.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

 (Bilde: www.tucows.com) (Bilde: www.tucows.com)

(NPK): For menn er utsjånad stadig det viktigaste kriteriet når dei skal velje partnar, medan kvinner i aukande grad legg vekt på utsjånad, fortel vitskapsbladet New Scientist.

Kvinner har rett og slett vorte meir økonomisk uavhengige enn før, slik at behovet for å finne ein forsørgjar er mindre. Då blir det den fysiske framtoninga til mannen som tel mest.

Det er ei forskargruppe ved University of St. Andrews i Storbritannia som har funne denne samanhengen ved å spørje 1.851 heteroseksuelle kvinner i alderen 18 til 35 år.

Di lågare kontroll kvinnene har når det gjeld pengar, di høgare prioriterer dei den økonomiske statusen hos potensielle partnarar. (NPK)



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy