Fleire hundretusen krev immigrasjonslov i USA

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire hundretusen menneske deltok i ei ny bølgje av demonstrasjonar og protestar over heile USA søndag med krav om amnesti for rundt rekna 11.5 millionar ulovlege innvandrarar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: www.jewishworldreview.com)(Foto: www.jewishworldreview.com)

(NTB-AFP) Politiet meiner at mellom 350.000 og 500.000 menneske deltok i ein marsj søndag ettermiddag gjennom sentrum av Dallas i Texas for å krevja at Kongressen vedtek ei lov som tener dei mange millionar ulovlege innvandrarane.

Mindre demonstrasjonar fann stad mellom anna i Miami og Fort Worth, og det er venta enorm deltaking i store demonstrasjonar måndag i Washington, Los Angeles og andre storbyar.

Demonstrantane ønskjer å oppretthalda presset på Kongressen for å nå fram til eit kompromiss i strida om ei ny immigrasjonslov.

Eit stort fleirtal av dei ulovlege innvandrarane i USA er frå Mexico og andre latinamerikanske land, og mange latinamerikansk-ætta familiar med ungar deltok i demonstrasjonen i Dallas. Demonstrantane vifta med amerikanske flag, og fleire var kledd i i kvitt for å symbolisere fred.

Representantenes hus vedtok nyleg lovgiving som vil gjera ulovleg innvandring til ei forbryting, og som vil vil opna for bygging av ein mur langs grensa mellom USA og Mexico. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving