Hyttefolket vil ha meir og meir komfort

Det blir igjen hyttemesse på Hellerudsletta i dagane 20. - 23. april.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: www.bali-direct-villa.com)(Foto: www.bali-direct-villa.com)

(NPK): Over 200 kjøparar og tilbydarar av produkt og tenester presenterer seg på messa.

Nordmenn brukar meir og meir tid på hytta og oppgraderer stadig komforten både inne og ute. Dei siste åra har det vore ein jamn salskurve både for hytter og produkt som høyrer til.

- Trenden no er at hytteeigarane tek fatt på baderommet, i tillegg til at det framleis er fokus på uteområda. Generell komfort er ein viktig faktor for trivselen på hytta, seier Per Levik som er prosjektleiar for messa Norsk hytteliv 2006.

Det finst over 400 000 hytter i Noreg. 70-80 prosent av dei er plasserte i skog og fjellområde. Gjennomsnittleg hyttestorleik er cirka 80 kvadratmeter. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy