Streikande krev at SAS Braathens-sjefen går av

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei streikande kabintilsette i SAS Braathens seier rett ut at administrerande direktør i selskapet, Petter Jansen, må gå av.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: SAS Braathen)(Foto: SAS Braathen)

Oslo (NTB): Forholdet mellom dei streikande kabintilsette og toppleiinga i SAS Braathens har nå nådd kokepunktet og vel så det, skriv Dagsavisen.

- Vi har ikkje tillit til Petter Jansen i det heile. Vi meiner han bør gå av. Eg kan vanskeleg sjå at han kan fortsetje som leiar for eit selskap kor ein så stor del av frontpersonalet ikkje har tillit til han, seier første nestleiar Elisabeth Goffeng i Norsk Kabinforening.

Dei kabintilsette har også tidlegare gitt uttrykk for tynnsliten tillit til leiinga i selskapet. Men ifølgje Goffeng er det første gang foreininga gir uttrykk for direkte mistillit.

Streiken førde torsdag til at nærmare 30.000 sinte og frustrerte passasjerar blei ramma. Petter Jansen fryktar at streiken kan øydeleggje selskapet.

- Di lenger denne streiken strekkjer seg, di større økonomiske og marknadsmessige konsekvensar får han. Det medfører ein betydeleg svikt i tilliten som aukar for kvar dag som går, sa Jansen torsdag. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving