Ikkje-dødelege våpen

Forsvaret testar ut nye typar våpen. Det nye er at våpna ikkje skal vere dødelege, eller såkalla «mindre dødelege».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Frå testinga av den nye lydkanonen. (Foto: Forsvarsnett)Frå testinga av den nye lydkanonen. (Foto: Forsvarsnett)

Forsvarets Forskningsinstitutt (FII) skal til hausten levere si anbefaling om kva ikkje-dødelege og mindre dødelege våpen som skal kjøpast inn, og ikkje minst korleis dei skal brukast.


Skremte vekk piratar


Mellom våpna som blir testa er lydkanonen Long Range Acoustic Device (LRAD). Denne sender ut høg lyd og blei blant anna brukt av den norske kapteinen på cruiseskipet Seaburn Spirit då dei blei

angripne av piratar

utanfor kysten av Somalia i fjor.

LRAD sender ut lyd på 122 DB, som er rett under smertegrensa til menneskeøyre, frå 50 meters avstand.


Prosjekt ikkje fullt så dødeleg


Testinga av lydkanonen og andre nye våpentypar er ein del av forsvaret sitt anskaffingsprosjekt «Mindre dødelege våpen».

Det er nye tider for dei militære styrkane. Dei blir oftare sende ut på oppdrag i utlandet, og kan til dømes bli nøydt til å handtere sivile grupperingar.

I løpet av dei tre neste åra skal Forsvaret bruke 50 millionar kroner på å utstyre soldatane med våpen som kan brukast i situasjonar der vanlege dødelege våpen er utenkjelege.


Banantrikset


Andre eksempel på ikkje-dødelege våpen er i følgje Forsvarsnett gummikuler, elektrosjokkvåpen, våpen som øydelegg elektronikk, tåregass, pepparspray, illeluktande stoff og lubrikantar som gjer underlaget glatt.

Framtidas militære aksjonar kan altså kome til å sjå litt meir ut som Donald-episodar enn som meiningslaus slakting av uskyldige folk. Det kan ein jo kalle eit framskritt.


Kjelder: Forskning.no og Forsvarsnett

Les meir på nettet:

Alle

pipekonserters mor



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus